tirsdag 14. september 2021

Terrengritt i Bømoen laurdag 18.9

No fyrstkomande laurdag 18.9 kan alle med terrengsykkel og som er glad i flotte stiar få seg ei flott oppleving i Bømoen. Vossevangen CK skipar til årets femte og avsluttande ritt i Sykkelbutikkøppen med barneritt kl. 1130-11:45 (dei under 10-11 år) og så fellesstart for alle kl. 12 der ein kan velja om å sykla 1, 2 eller 3 rundar. Les meir på vår sida med informasjon om tilskipinga, og sjå ein heilt fersk video av løypa! Me kan røpa at det er aldeles strålande forhold i Bømoen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar