fredag 19. august 2022

Kanon-innsats på NC/Nordisk Oslo Terrengsykkelfestival

Sist helg var det Norgescup og Nordisk meisterskap i rundbane-sykling på Skullerud i Oslo. Det var strålande vær, svært turre forhold og artig løypa, men svært mykje sving, fleire litt tekniske element og mange små nedkøyringar med ein del stein og røter gjorde at det var viktig å vera godt kjent. Vossevangen CK stilte med tre ungdomar som alle er heilt ferske på dette nivået, men alle klarte seg særs bra. Yvonne Berge Børsheim og Ola Blikberg Herheim debuterte, medan Johan Berge Børsheim hadde sykle eit norgescupritt før. Det betyr at dei er ranka nedst på listene og må starta sist. Trass i dette kom dei seg fram både på rundbanerittet laurdag og kortbanerittet sundag. Johan og Ola syklar i M15-16, ein stor klasse på 50 ryttarar og høgt nivå sidan mange av dei beste svenskane òg var med. Blant dei norske 15-åringane vart Johan nr. 5 på laurdag og 7 på sundag, medan Ola vart nr. 10 på laurdagen og 9 på sundagen. Den som likevel imponerte aller mest var Yvonne. Ho har nettopp starta med terrengsykling, men etter berre ei veka og tre økter på lånt sykkel stilte ho i K13-14 der det var om lag 20 ryttarar med. På laurdagen viste ho at ho faktisk hang fint med og vart nr. 15. På sundagen klinte ho til og låg an til 8. plass (og kort bak 4. plass) då ho hoppa for langt på siste hoppet rett før mål og kjeo krølla seg to-tre rundar rundt kranken. Ho var rådsnar som få og sprang som eit olja lyn opp siste kortbakken, hoppa på sykkelen og trilla inn mot stadion og sprang i mål til ein strålande 11. plass. Under kan du lesa ritt-rapportar, sjå fleire bilete og ikkje minst video frå ritta. PS: Ting ser lettare og flatare ut på film …

Johan Berge Børsheim. 

Rundbane/XCO Laurdag 13.08: 3 rundar i ei teknisk og småkupert løype. Likte dei tekniske partiene godt. Mykje kø og knot den fyrste runden, men det løsna etter kvart. 

Kortbane/XCC Sundag 14.08: 7 korte rundar, med mindre teknisk løype enn laurdag. Fekk ein god start, det gjekk bra dei to fyrte rundane. Midt i rittet gjekk det litt tungt, men fekk til ein god avslutning. Godt nøgd med helga! 

Yvonne Berge Børsheim. 
Rundbane/XCO Laurdag 13.08: Fyste gong eg er med sykkelritt, var spent på korleis dette kom til å gå. 3 rundar med ein del tekniske parti, der eg ofte valte B løypa, som er enklare, men tek lengre tid. 

Kortbane/XCC Sundag 14.08: 4 rundar i same løypa som Ola og Johan sykla, denne løypa paste meg noko betre, då det var mindre tekniske parti og eg ikkje har sykla så mykje. Eg låg omlag midt i feltet, det var moro å henga på nokre av dei beste i klassen. 200 meter før mål, kicka konkurranse inn, noko som førte til at eg mista kjeda og måtte ta beina fatt og springa inn til mål, då mista eg fira plassar. Alt i alt ei veldig kjekk helg, motivert til å vera med fleire gonger!














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar