torsdag 25. august 2022

Ola på 3. plass på Fløyen opp

Ola Blikberg Herheim tok i kveld ein fin-fin tredjeplass på Fløyen opp i M15-16. Dette var eit motbakkeritt i VM-traseen frå 2017, ei solid mota, med mange fine serpentinarar og lite kvile. Sterten gjekk frå nedre stasjon på Fløibanen og målgang var framfor restrauranten på toppen. Ola hadde diverre eit uhell etter 2-3 minutt og hamna i grøfta. Det vart litt knot med å komma seg oppatt og klikka i pedalane og la at 25-30 sekund og hamna bakerst, men sykla sterkt derifrå og inn og kom seg opp til ein pallplass.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar