mandag 13. mars 2023

Tinging av Vossevangen CK klede!

No kan du tinga deg nye klede til sesongen! Nettbutikken er open fram til og med måndag 20. mars! Klikk deg inn på denne lenkja for å koma til nettbutikken. Dei som har konto frå før kan bruka same påloggingsinfo som før, de andre må registrera ny konto.

NB: Det er viktig at de les gjennom informasjonen som ligg under fana INFO. Der forklarar dei om dei to modellane dei har, Icon og Epic, om leveringsinformasjon og storleikar. Du kan ikkje levera innatt kle viss dei ikkje passar, så gå over kroppen din og ta ærlege mål av bryst, mage og hofter. De veit kva proffsyklistane seier: ta mål to gonger, tinga ei gong. Klubben støttar 35 % av prisen på alle kle i klubb-design til alle betalande medlemmer – prisane er justerte i nettbutikken.

NB2: Alle som skal sykla ritt og ynskjer å få refundert startkontingentar må sykla i årets modell.

NB3: Me fekk heilt nytt design i 2021, og det er likt i år også, men i fjor fekk me ny sponsor i Lirhus maskin på armane og Endeve har fått oppdatert logo på stjærten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar