mandag 3. juli 2023

Kanonsykling av VCK-ungdomane på NC rundbane Nes

Johan på kortbanerittet

I helga som var vart noregscupritt nr. 8 og 9 arrangert på Nes utanfor Oslo. Laurdagen var det rundbane og sundagen kortbane. Johan Berge Børsheim sykla kolossalt på rundbanerittet laurdagen og tok ein råsterk femteplass i M15-16. Han starta godt og kom seg tidleg opp topp ti, avanserte ytterlegare til ein

femteplass før halvvegs og denne plasseringa heldt han heilt til mål. Ola Blikberg Herheim starta litt lenger bak, men han sykla også godt og var oppe på ein 8. plass halvegs. Han fekk diverre ryggtrøbbel siste halvdel og kom inn som nr. 13. Sundagen var det kortbane, og då var Yvonne Berge Børsheim med også. Trass i ei knallhard veke med trening og tevlingar på Camp Ragde Charge sykla Yvonne inn til ein niande plass. Johan hadde igjen ein kanondag og kjempa om pallplass heilt til siste runde då han var uheldig og fekk ei sigepunktering. Han måtte då gje frå seg nokre plassar men kom likevel inn som nr. 8, berre 20 sekund bak vinnaren i eit svært tett felt. Ola sykla også godt og tok tiande plassen, 30 sekund bak vinnaren. Ungdomane var særs nøgde etter ei helg med mykje moro på sykkelen og med tydelege prov på at dei no har nærme seg veldig nivået til dei beste i landet i 15-16 årsklaseen. 

Resultat rundbane laurdagen.
Resultat kortbane sundagen.

Ola på rundbanerittet

Yvonne på rundbanerittet

Johan og Ola på premiepallen sundag

Johan på premiepallen laurdag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar