søndag 9. juli 2023

Tour te fjells: Sterk sykling av Kristin

Tour te fjells gjekk av stabelen 6.-8. juli. Det er eit etapperitt junior og senior med fire etappar og del av Norgescupen på landeveg. Kristin Eidsheim Sønnesyn imponerte kraftig på fleire av etappane, berre sju månadar etter at dottera Åsne vart fødd. Med ein sjetteplass på både 3. og 4. etappe viser Kristin at ho er på høgde med dei aller beste damene i landet. Me tilrår at de les Kristin sin fyldige rapport frå alle fire etappane under, og så ventar me i spaning på om Filip går med på ein overgang til skivebrems ... 

Rittrapport frå Kristin:

Tour te fjells 2023! Impulspåmelding og deilig oppladning i La France med is, bad og jogg. Bra utgangspunkt. Filip og Åsne som støtteapparat. Dette blir bra! 

Etappe 1: Dekka av skit på vei ned til før start av bakketempoen. Følte eg køyrde jevnt og hardt. Fekk trøbbel med gir og kjede, det stoppa opp og eg klikka ut to ganger. Fin oppvarming! 

Etappe 2: Først meldt opphaldsver, men det hølja då me starta og fortsatte slik. Sist eg sykla gateritt i regn, kræsja eg og no var eg redd for det samme. Eg fekk frysningar kvar gong skivebremsene hvina rundt meg. Eg rakk å bestemma meg for å kjøpa ny sykkel med skivebrems og tenka på kva me skal gjera med alle dei fine karbonhjula me har. Sykkelrittet: Fem rundar, to svingar, ei kneik og stort sett full gass. Eg valde å legga meg litt bak i feltet. Eg hang med då det vart køyrd hardt (letta!). Vurderte støyt, gjorde ikkje det. Kræsja ikkje og kom kontrollert inn med feltet. Mission accomplished.

Etappe 3: 63 km, 1469 høgdemeter. Nervøs før start - korleis er klatreformen? Etter 2 mil med mange nesten-velt og støyt kom me til bakken, eg - litt seint, men no gjekk det endelig oppover. 12 km godt slit. Eg tråkka meg gradvis opp til andre gruppe (første gruppe var overlegne!). Me (5-7 damer) jobba godt saman. Kjekke grusvegar over Golsfjellet mot Storefjell. I bakketempo-bakken mot mål sprakk det opp og eg hadde litt krefter igjen til å køyra litt ifrå dei bak og ta innpå ho som støyta litt før bakken starta. Vart tatt igjen av ei. 6. plass! Manglar den siste punchen, men godt nøgd! Og eg liker framleis bakkar. 

Etappe 4: 63 km, 1001 høgdemeter. Ukjend løype. Mykje grus, ekstremt humpete i starten, flasker fauk. Eg holdt på å mista begge mine, men fekk tak i den eine då ho hadde havna mellom flaskehaldarane mine. Bakken som såg bratt ut i roadboka, var ein seiging! Slak og vond. Eg klarte akkurat ikkje å henga med dei beste, var heilt ferdig. Ei stund jakta 7-8 damer på teten, men fokuserte etterkvart på å få ei god flyt i rulla. I den andre bakken støyta ei som punkterte seg ut frå teten og eg falt nesten av. I dag var eg mest nøgd med å klara å komma meg opp igjen til dei tre framfor i den bakken. Gjenverande 4 damer køyrde saman mot mål før eit nytt støt 5 km frå mål og eg kjende at eg hadde lite å gå på, men kom meg opp til dei to som satt igjen. Grusen hadde vore til dels grov og det var store hòl det gjaldt å unngå nesten heile vegen. I siste nedoverbakke, 3 km frå mål, vart det uunngåeleg å havna i opptil fleire av desse. Eg punkterte på bakhjulet (og framhjulet, men det var heldigvis ein sigepunktering). Vurderte ei stund å ta ein Pogacar og sykla på det flate dekket til mål, men i dag hadde eg flaks! Ein bil med hjul for felgbrems kom rett bak meg! Eg kom meg i mål, (fekk ikkje spurta om 5. plassen), men eg var nok den svakaste i gruppa vår. 4 sykkelritt på 3 dagar er ikkje berre berre for meg no for tida. Eg er så glad for å vera tilbake på sykkelen, kjenna meg litt som den "gamle" meg og ha kost meg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar