søndag 6. august 2023

Johan og Ola med siger i Offroad Valdres kortvegs

Johan Berge Børsheim og Ola Blikberg Herheim stakk av med sigeren i Offroad Valdres kortvegstevling for lag denne helga. Rittet var dryge 40 km med sti på Valdres- og Golsfjellet, og VCK-gutane var raskast av alle, inkludert dei som deltok i singel-klassen. Det var uvanleg fuktig i år og sugande forhold, men det brydde ikkje Johan og Ola seg noko særlig om. Sjå videosnuttar under, samt meir info og videoar på Offroad Valdres si Facebook-side.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar