fredag 25. august 2023

Kanondag for Vossevangen CK på Fløyen opp

Torsdag 24.8 vart motbakkerittet Fløyen opp arrangert. Vossevangen stille med fem ryttarar som alle gjorde sakene sine særs godt. Det er bratt og langt opp til Fløyen, både for dei som starta heilt nede ved nedre stasjon og dei yngre som starta litt lenger oppe. Men, bratt og hardt, saman med fint vær, god stemning og vossa-sisu, synte seg som ein ypparleg kombinasjon. Ola Blikberg Herheim vann M15-16 på den imponerande tida 11:12 og var med det den sjette raskaste totalt for dagen. Johan Berge Børsheim sytte for dobbeltsiger til Vossevangen CK i M15-16 med tida 12:29. Yvonne Berge Børsheim, på ein lånt CX-sykkel, vann klart i K15-16 og var med tida 13:56 nest raskaste kvinne totalt. Håkon Skjoldli imponerte i sitt fyrste ritt utanfor bygda med fjerdeplass i M13-14. Imponerte gjorde også fulltidslækjaren, fulltidssmåbarnsmora og syklisten Kristin Eidsheim Sønnesyn, som tok andreplassen i Kvinner senior med tida 14:20. Klikk her for resultatlister.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar