torsdag 7. september 2023

NC terreng: Johan med 5. plass!

Fyrste helga i september var det NC terreng med Oslo terrengsykkelfestival. Ritta vart arrangert av Frøy Sykkel på Skullerud. Johan Berge Børsheim sykla inn til si beste plassering nokon sinne med ein svært sterk femteplass på kortbanerittet sundagen. Prestasjonen vart ekstra sterk fordi han fekk ein dårleg start, samt at mange av dei beste svenskane var med og gjorde M15-16 til den største klassen med over 50 påmeldte deltakarar. På rundbanerittet laurdag låg Johan også godt an, men ei punktering øydela ei sterk plassering den dagen. Ola Blikberg Herheim var sjuk veka i forkant, og måtte bryta laurdagen då kroppen ikkje spelte på lag. Sundagen var han lagt betre og sykla inn til ein 13. plass, og kun slått av ti norske. Yvonne Berge Børsheim kom godt ut på kortbanerittet sundagen, men gjekk over styret på ei nedkøyring og tapte mykje tid. Då ho hadde funne flasker og briller sykla ho godt, men ein har ikkje råd til slike uhell viss ein vil ha god plassering på kortbane. Alle tre fekk vist at dei har mykje inne, og siktar seg no inn mot siste norgescup-helga i Halden i midten av september.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar