lørdag 8. juni 2024

Tre pallplassar til VCK på Bergsdalen opp

Tidleg i juni er det tradisjon for Daledagane, og det inkluderer Bergsdalen opp. Løypa er frå Dale sentrum opp til Storefossen, omlag 4 km med jamn 10 % stigning. Håkon Skjoldi tok heim sigeren i klassen for dei mellom 13-16 år med den solide tida 16:19 og vart med det nr. 7 totalt. I klassen for dei over 17 år tok Thomas Vethe andreplass med tida 14:16 og Marius Flatebø tredjeplass med tida 14:28. Thomas melder om tunge bein, men morro med dobbelt Vossevangen CK/Vargar/Bordalen på pallen. Klikk her for resultatliste og sjå video av innspurten til Håkon under.
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar