onsdag 5. juni 2024

Strålande Bergen-Voss

Årets Bergen-Voss må gå inn i historia som ein av dei mest vellukka. Strålande sykkelvær, lett medvind i Hardanger og kanon innsats av arrangøren Bergen CK og deira medhjelparar frå andre klubbar. Det var over 1500 påmeldte og snaue 1400 som fullførte. Vossevangen CK hadde 13 ryttarar på start. For dei raskaste ryttarane vart det eit litt spesielt oppsett i år då dei tilsynelatande nokså vilkårleg vart delt i to grupper, med 75 ryttarar i fyrste gruppa og ei mindre gruppa på 30 ryttarar som starta tre minutt etter. Kjetil Isaksen starta i den fyrste og sykla svært godt, så godt at han sette personleg rekord med tida 3:57 og fekk med det ein delt 7. plass totalt. Ola Blikberg Herheim, Filip Eidsheim, Thomas Vethe og Marius Flatabø vart plassert i gruppe to. Alle fire sykla godt, men Ola og Filip viste seg svært sterke og kom inn på 4:02 og ein delt 17. plass totalt. Ola vann med det M16-19 saman med Mikal Uglehus frå Uno-X. Thomas og Marius har slite med mykje sjukdom siste åra, men no har det losna for begge to. Thomas sette personleg rekord med 4:04 og ein 23. plass totalt, og Marius sette også personleg rekord med 4:16 og 49. plass totalt. 

Guro Rong, som til liks med Ola berre er 16 år og debutant, imponerte med den sterke tida 5:06. Det gav ein 12. plass totalt i dameklassen og ein 2. plass i K16-19. Ho hadde med seg gamlefar Jørund som hjelperyttar, men det ryktast at han er betre til å sykla enn å fiksa ein laus krank. Rune Herheim var òg mellom dei som sette personleg rekord med 4:20 og 58. plass totalt. Paul Skeie kom inn på 4:37, og det inkluderte 10 minutt tøying i Skjervet. Olav Midttun kom inn på 4:50, Felix Sieling på 5:14 og Gaute Mykkeltvedt på 5:16. I tillegg hadde me Nils Hirth som sykla Norheimsund-Voss på 2:42.

Alle var samde om at det hadde vore ein flott tur. Bergen-Voss viste seg nok ei gong som eit unikt og flott turritt.

Guro og Jørund
Felix

Kjetil lett og fin

Marius lett og fin

Ola

Ola, Thomas og Marius

Rune


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar