mandag 10. juni 2024

Ola med solid sykling i Frankrike

Ola Blikberg Herheim fekk på litt kort varsel tilbod om å vera med NCF Region Sør på UCI 2.1 etapperittet Côte d’Or Classic Juniors i helga som var. Eit stort startfelt på over 160 ryttarar, med sterke lag frå Frankrike, England, Nederland, der kvart lag hadde seks ryttarar. Det var live-sending frå alle etappane, med filming frå fleire motorsykklar (sjå videoar under).

Lagpresentasjon!
Ola var i hovudsak med for å få hjelpa kapteinen og få internasjonal matching og erfaring. Laurdagen var det fyrst fellesstart på 86 km i ei flat løypa. Det vart køyrt hardt med snittfart på 45 km/t og feltet sprakk opp, men Ola var pigg og klarte å ligga langt framme heile tida og vart den som hjalp kapteinen i spurten. Sjølv endte Ola opp som nr. 58 og 11 sekund bak vinnar. Laurdag ettermiddag var det 20 km lagtempo, og her måtte Ola grava djupt sidan fire av dei andre på laget hadde temposykkel. Dei kom likevel inn på ein god 16. plass av dei 27 laga, berre to minutt bak vinnarlaget. Det var sterk sykling sidan alle dei andre laga stort sett hadde seks stykk på komplett tempooppsett. Sundagen var det fellesstart på 103 km, inkludert fire gonger ein runde på 10 km på slutten. Den runden hadde ein kort og bratt bakke der det vart køyrt knallhardt. Slike korte bakkar er det Ola pleier å slita mest med, men på grunn av god posisjonering inn i bakken var han med over dei to fyrste rundane. Feltet sprakk veldig opp på tredje runden, og då hamna Ola i ei gruppa rett bak tetfeltet på 50 mann. Enda difor som nr. 55 på siste rittet, men kom på ein fin 21. plass samanlagt for dei som er fyrsteårs juniorar. Sjå resultat hjå firstcycling.com og videoar og bilete under:

Start fyrste etappe:

Målgang fyrste etappe:

Undervegs på lagtempoen:

Målgang lagtempo:

Start 3. etappe:


Litt enkle forhold samanlikna med dei andre laga

Trening i forkant

Oppvarming

Delte hotell med Groupama FDJ-sjåfør


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar