mandag 30. juni 2025

NM-bronse til Ola

I veka som var vart NM landeveg arrangert. Glåmdal hadde tempo torsdag på 27 km i ei rimeleg flat løypa langs Mjøsa, og Ringerike hadde fellestartane laurdag og sundag i småkuperte løyper. Ola Blikberg Herheim tok ein sterk bronsemedalje på tempoen. Han skulle som vanleg starta kontrollert, men hadde svært gode bein og leia etter 10 km. Då fekk han diverre store mageproblem, kasta opp og måtte sykla dei neste 15 km på 70-80 %. Siste to minuttane var ein bratt bakke og der tok han eit lite magadrag og gjekk sigrande ut av bronsekampen mot fem andre ryttarar. Ola var overtydd om at tempoen gjekk dårleg og at han kjempa om 15.-16- plass. Han var difor særs overraska over å koma inn på bronseplass og berre 24 sekund bak gullet. Det er liten tvil om at han er særs rask på temposykkel.

På fellesstartane sykla Ola i junior og Thomas Vethe og Marius Flatebø i senior. Begge ritta vart svært harde, med smal og svingete vegar som gjekk opp og ned, nett som på Vasstrondi, og ein voldsom vind som gjorde det tungt for alle å henga med. Juniorfeltet sprakk tidleg opp, og det var berre 12 ryttarar som fekk sykla dei avsluttande rundane i Hønefoss. Ola var med og kjempa om topplasseringar heile vegen, men då det var 15 mann att var det 8 frå Ringerike og 4 frå Asker, så då vart det vanskeleg. Han fekk likevel til slutt ein solid sjuande plass. I seniorklassen køyre Uno-X brutalt for å kvitta seg med dei fleste. I ei løypa der det vart lett å skapa strekk og få feltet til å sprekka opp var det ei vanskeleg oppggåva for Thomas og Marius. Dei kriga godt lenge, og kom seg nesten heile hovedrunden før dei vart tekne ut på lik line med svært mange andre av ryttarane.

Thomas og Marius før start


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar