mandag 2. juni 2025

Mallorca 312 – ei stor sykkeloppleving

Me er alltid på jakt etter saker om gode sykkelopplevingar for våre medlemmer. Det er difor ei gleda å dela Gaute Mykkeltvedt si deltaking på Mallorca 312. Les rapporten hans, sjå bileta og lat deg inspirera til trening og eventyr på sykkel:

Mallorca 312
Etter å ha høyrt mykje, mest positivt om det sagnomsuste turrittet Mallorca 312, var me tre ivrige naboar som stilte oss i digital kø tidleg i oktober for startnummer. Utsolgt på rekordtid, 8500 startende … Det freista tydeligvis mange med tre distansar, den lengste 312 km, og med litt over 5000 høgdemeter. Vinteren kom og i tråd med snøfattig vinter i Bergen (?), kom 10-mils turane tidlegare enn vanlig. Litt system på det, men ikkje mykje. Det viktigaste for oss var tross alt å fullføre Eit av dei mest brukte orda oss tre Imellom blei etterkvart “cut-off”. Biltrafikken er stengt under rittet, og det er relativt strenge cut off tider før du blir geleida inn på kortare ritt, 225, eller i verste fall ()167. Målet vårt var 312 km. Fly, hotell, leigebil og leigesykkel gjekk som ein draum. Rolig spinn rundt startbyen Alcudia dagen før, rigging av sykkel og ikkje minst “matpakko”... Starten går 6:30, i forhold til cut-off tider begynner tida di då, enten du står først eller sist av dei 8500. Starten tar tid ! Etter VIP og sponsorstart stod sjølvsagt me , oppmøte 4:15 kan anbefalast. Eit par timar, ei god regnskur og pang avgårde. Flatt i ca. 25 km før første Col de eittelleranna, 900 moh., før ned igjen til 0 moh.. Første 150 km gjekk sånn, mange høgdemeter, fantastisk asfalt, ingen bilar … Matstasjoner jevnt fordelt, men her må du legge ei plan, ting tar tid her. Siste halvdel av turen er mindre høgdemeter, men rikelig med falske flater. Utsagn som “her må vi lure bakkene” kom frå bergensarane i gjengen. Det er alltid eit hjul, eit felt eller gjeng å henge seg på, men finne sin fart er veldig viktig … Siste matstasjon byr på eit enormt folkeliv, tdf-følelse. Du kjenner deg som ein proff heilt til du blir tilbudt Sanmiguel og spansk disco bankar. Fantastisk følelse og ein opplevelse. Kun to mil igjen, reine paradetrillen. Kort referat her altså, oppsummert: prøv det! Veldig kjekt og god stemning hjå det eg opplevde som veldig mange flinke, trygge og raske syklistar. Eit krevande turritt, lengde, terreng og “tidsnød” gjer at det er absolutt anbefalt å bruke ein heil del timar på sykkelen først. Men det er vel det me likar ?






1 kommentar:

  1. Godt skrevet Gaute. Det er et ritt som kan annbefales. Spesielt dersom du er med er sterke og positive kompiser. Var veldig kjekt å holde sammen hele veien, selv om Gaute måtte vente i bratte bakker og ta mest vind🤩🚲

    SvarSlett