mandag 9. juni 2025

Ola fekk prøva seg på landslaget

Denne helga deltok Noreg sitt juniorlandslag for herrer på Nations cup i Venezia, Italia. Mellom dei seks ryttarane fann me ein Vossevangen CK ryttar, nemleg Ola Blikberg Herheim. Etter ei rekke gode resultat i år, mellom anna tre sigrar på NC-nivå, fekk Ola sjansen på landslaget.

Fyrste rittet var ein prolog på 2,5 flate kilometer. Der fekk Ola tida 3:21 og var med det 11 sekund bak vinnaren. Sidan løypa var så kort og flat kom ryttarane tett som hagl på resultatlista og av dei 144 på start enda Ola på ein 40. plass. På det andre og tredje rittet var Ola tildelt rolle som hjelperyttar. Andre rittet var ein spurtetappe og der handla det om å hjelpa Filip Smørås frå Fana og det enda med ein sterk andreplass. Tredje rittet var mykje klatring, og der skulle Ola vera med å setja høg fart i bakkane slik at Kristian Haugetun frå Åsane kunne kjempa om topplassering, og det enda med ein tredjeplass. Alt i alt ei særs god helg for det norske juniorlandslaget, og litt artig at halve laget kom frå Hordaland. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar