mandag 25. mai 2026

Marius nr. 13 på Noregskøpp

I helga gjekk 3. NC-helg landeveg av stabelen i Oslo. Marius Flatebø, Vossevangen CK, sykla fellesstarten laurdag og gateritt sundag. På gaterittet fekk han vist fram svært solid nivå og låg heile vegen godt plassert. Det enda til slutt med ein sterk 13. plass og ein god dag for laget frå NCF Region Vest. Marius seier fylgjande etter rittet:
Flott løypa i fint vær som va teknisk med mange 90 graders svinga. Hadde veldig gode bein. Me fekk to frå bergen i eit 6 manns brudd. So var me tre stykk som blei liggande i feltet. Me låg berre å følgde dei som prøvde å støta og venta på spurten. Der spurta me heilt ok i frå feltet. Me fekk 3. og 6.plass i frå bruddet. Og me fekk alle frå regionen inn topp 15.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar