onsdag 21. november 2012
Søknad til klubben om midlar
Dei som har tenkt å satsa litt ekstra hardt på sykkel neste sesong kan søkja klubben om stønad til dekking av deltaking på ritt (aktive ritt som til dømes eliteklasse i terrengritt, norgescup på landeveg og i terrenget, NM og Nordisk veteran, osv.). Søknadsfrist er 31.12.2012. Styret vil handsama søknadar på fyrste styremøte i 2013.
mandag 19. november 2012
NM og UM i vintertriathlon 13.1.2013
Norges Triathlonforbund og Brandbu idrettsforening inviterer til NM og UM i vintertriathlon sundag 13. januar 2013 på Lygna Skisenter. Les innbydelsen.
torsdag 15. november 2012
No kan me smøra ski!
I dag har Steinar Røthe lært syklistar å smøra ski! Det vil seia, fyrst lærte han oss kor viktig, og til tider vanskeleg, det kan vera å få tak i gode ski. Deretter sa Steinar litt om festevoks og klister, og han demonstrerte kor lett dette eigentleg er å få fordelt utover skiene. Det er mogeleg at han fekk det til å sjå lettare ut enn kva det eigentleg er ...

mandag 5. november 2012
Smyrjekveld 15.11 kl. 18 med Steinar Røthe
Torsdag 15. november kl. 18 arrangerer Vossevangen CK klubbkveld. Steinar Røthe vil halda eit smyrjekurs i Voss kommune sine lokale i kantina på Brynavollen. Dette må vera midt i blinken no når skisesongen er like om hjørna! Det vert enkel servering.
søndag 21. oktober 2012
Terrengritt i Bømoen - vått, villt og vakkert!
Laurdag 20.10 arrangerte Vossevangen CK eit uformelt test-terrengritt i Bømoen. Ti hardhausar trødde det dei klarde, dei fleste i fire harde rundar. Bjarte Vethe stakk av med sigeren med Nikolai Hanevik hakk i hel. Dag Christensen var løypeansvarleg, Anton Hanevik tidakar og Egil Lidsheim og Odd Inge Jordalen løypevakter.
tirsdag 16. oktober 2012
Uformelt terrengritt laurdag 20.10 kl. 15 i Bømoen
onsdag 10. oktober 2012
Trening hjå Nr. 1 Fitness Voss
Vossevangen CK har avtala fylgjande med Voss sitt nye treningssenter Nr1 fitness. Prisar: 6 mnd kort til kr 399,- pr.mnd = kr.2394,- og 12 mnd kort til kr. 349,- pr.mnd = kr.4188,-. Då har me tilgang til "alle fasilitetar" og salaktivitetar. Me har ein fast spinningdag i veka med våre eigne innstruktørar kvar tysdag kl. 1830. Klubben dekker 350 kroner til alle våre medlemmer som vil delta på spinning!
Innformer og innviter gjerne vener om dette tilbudet. Dei må melda seg inn i klubben, og dei vil verta sett opp på medlemslista som me vil ha liggjande hjå Nr. 1 Fitness.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


