onsdag 1. mai 2013

Bjarte og Vidar vann Enebakk rundt

Vossevangen CK har to ryttarar som deltek på Team Atea Pro Aktiv sitt Trondheim-Oslo lag: Bjarte Vethe og Vidar Mehl (Kjetil Isaksen frå Voss SK er òg med på laget). I dag hadde dei det fyrste oppkøyringsrittet, nemleg Enebakk rundt. Laget klemde til og slo førehandsfavorittane Sepura og Rye med klar margin! Bjarte rapporterer at han var særs nøgd samt noko overaska over at formen var so bra alt på årets fyrste ritt. Laget er sett saman av nokon av dei beste amatørryttarane frå heile landet, så farten var høg: snittfart på 43 km/t i ei kupert og svingete løype er farleg fort. Les Vidar sine tankar om rittet og dagane med oppkøyring i førekant på bloggen hans.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar