onsdag 15. mai 2013

Nikolai nr. 2 i Continentalcupen

I dag vart ritt nr. 2 i Continentalcupen for terrengsykling avvikla. Nikolai Hanevik, Vossevangen, kjem staig nærare den fyrste sigeren. Førre onsdag vart det 3. plass. I dag vart det ein solid 2. plass, og han leia rittet med to rundar att. No ser det mørkt ut for konkurrentane i det 3. rittet i continentalcupen på Ulven. Sjå resultat frå dagens ritt på våre resultatsider.

Les Nikolai sin rittrapport:

Rittrapport continentalcup Totland 15. mai 2013

Det 2. rittet i Continentalcupen gjekk i dag på Totland, i ei knallhard rundløype med 1 lang motbakke og nedoverbakke. Været var som sist, bra på formiddag, men då rittet nærma seg, begynte regnet og «hølja» ned. Underlaget i løypa var for det meste grus, med eit par innlagte tekniske parti, noko som gjor at været ikkje spelte så stor rolle. Eg var ivrig ut frå start, og på dei 3 fyrste rundane (av i alt 8) leda eg med ca. 10 sek. på Eilertsen. Men han tok meg igjen, og me sykla ilag til det gjenstod 2 runder, då fekk eg den berykta «hammer’n». Eg måtte nok betale for ein hard opning, men klarte å klamre meg inn til 2. plass, ca. 30 sek. bak Eilertsen i mål. Kroppen var bra, og rittet var ei kanon treningsøkt. Elles var det eit fint ritt og trase, sjølv om været kunne ha vore betre. Anton var som vanleg med i støtteapparatet, og seier han er lei av «haustværet» og vintertemperaturer!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar