I dag stilte Vossevangen CK med mange ryttarar på landevegsrittet Nordhordland rundt. Rittet er 90 km langt og går gjennom vakkert kystlandskap. Eirik Tvedt Aastvedt fekk den sterka tida 2:25:37, og May Lisbeth Flo fekk tida 3:26:56. I frå VCK sitt Bergen-Voss lagkonkurranselag stilte 11 mann. Dei sykla godt og9 mann kom inn 2:21:46. Det vil seia, Nikolai Hanevik fekk gje gass i siste stigninga og kom inn på 2:19:54. Frode Atterås måtte diverre gje ei lita luka på slutten og kom inn på 2:23:55. Jarle Søtvik er framleis ikkje heilt frisk att etter sjukdom og måtte sleppa 11-mannstoget halvvegs og fekk tida 2:38:47. Sjå resultat på våre resultatsider.
![]() |
| Frode i humør |
| Trening på å festa fast syklar før fuglane fis |
| Frøken Flo tek ansvar for kvinneandelen |
![]() |
| Magnus, Njål, Jarle, Jon Arild og Jørund før start |
![]() |
| Magnus, Njål og Jarle før start |
![]() |
| Nikolai i humør |
![]() |
| Lagleiar optimistisk før start |
| Nikolai lagar luke når han kvittar seg med ein vest |
| Tett og fint |
![]() |
| Leiaren var i kjellar'n i dag |
| Journalistane var over oss som ulvar, men me gjer oss kostbare |
| Laget pluss Stine og veslejenta. Jarle manglar! |
| Nikolai framleis i humør |






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar