I dag gjekk Vossevangen CK sin årlege tempotest på Sætre av stabelen. Tidene vart prega av at det ikkje var ideelle vertilhøve for temposykling: regn, snjo, blaut asfalt og 0 grader. Men, 12 hardhausar brydde seg ikkje og trødde det dei makta. Nikolai forsvarte
fjorårets siger med glans, medan Nils tok ein sterk andreplass. Det var på førehand knytt stor spaning til duellen Rong versus Lie. Har trekte Jørund det lengste strået og tok 3. plassen. Nils Asbjørn imponerte trass i at han laut ta til takke med den sure 4. plassen. Dei andre kom som perler på ei snor. Folket hadde hatt noko ulike oppladingar. Skiungdomane gjorde som i fjor og brukte ei maksstyrkeøkt på morgonkvisten som si opplading ...
|
Strålande nøgd vinnar! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar