tirsdag 3. september 2013

Birken 2013

Så var Birken over for i år - eit av sesongens høgdepunkt for mange. Fredagsbirken fekk sol og laurdagsbirken fekk regn. Vossevangen CK hadde mange sprekingar med: 3 på Fredagsbirken og 16 på Birkebeinarrittet. Dei som sykla lengst var Kjell Olav Tryti og Cato V. Nilsen som sykla både Fredagsbirken og Birkebeinarrittet på laurdag!

Vossevangen CK hadde òg to med i Eliteklassen: Vidar Mehl og Nikolai Hanevik. Vidar kjempa om ein 6. plass på
Sjusjøen, men so hoppa kjedet av og Vidar måtte nøya seg med ein 29. plass. Tida vart likevel sterk: 2:48:31. Les Vidar sin rittrapport her. Nikolai hadde diverre ein dårleg dag men valde likevel å fullføra rittet. Bjarte Vethe og Geir Karlsen sykla svært sterkt i aldersbestemte klassar med tidene 3:00:41 og 3:02:57 høvesvis. Det gav ein 28. plass til Bjarte i M40-44 og ein 26. plass til Geir i M35-39. Gå inn på våre resultatsider for komplette resultatlister, og les gjerne rittrapportane til Bjarte, Nils Asbjørn, Rune, Frode og Paul under.

Bjarte sin rapport:
Etter ei veka med dårlege bein etter Voss-Geilo var ikkje eg så veldig optimist til Birken. Starten var nesten som vanleg, vått og ein kamp opp til Skramstad. Men beina var gode dei gitt, når ein begynte å ta i. Opp til Skramstad sat eg i teten, var ca. 10 man av 125 i pulja over Skramstadsætra. Farten var veldig høg ned det første terreng partiet mot Djupåsen og det var vått og mykje vaskebrett. Eg køyrde med stiv gaffel, men det er ikkje nokon god kombinasjon å ha stiv gaffel,vaskebrett, sving, vått og mykje grus, så det bar rett inn i sikkerheitsnettet. Kom meg på beina att og fortsette, men venstre handa og spesielt dei minste fingrane hadde fått ein kraftig smell. Måtte da ta det litt rolig i springepartiet og blei liggande åleine når eg kom ut på grusvegen, så ei stor gruppe på sikkert 30 mann tok meg att, og då var løpet sett. Farten gjekk ned, ingen ville dra, rimeleg frustrert vart eg for eg hadde ein god dag på sykkelen. Så resten av Birken gjekk på det jamne heilt til me skulle nedover mot Ballettbakken. Då vakna alle. Veldig kamp ned mot mål så då blei resultatet deretter. Konklusjonen etter løpet er at eg hadde mykje meir inne. Synd eg ikkje fikk vist det i Birken, men uhell skjer og velten var min eigen feil. Men eg veit det, det er det viktigaste.

Nils Asbjørn sin rapport:
No har eg sprengåpna dei tre siste ritta eg har starta i. Skulle tru at eg hadde lært, men eg hivde meg like godt på ein ny smell. Eg har ein pulsprofil fram til Kvarstad som knapt liknar sidestykke. Eg er meir i sone 5 fram til Bringbu enn sone 4, og sone 1-3 var eg berre innom på veg ned Djuposet. Jadå eg heldt meg på sykkelen, men takka alle jævlars mor som anbefalte stiv gaffel så fekk eg rista resten av det vesle vitet eg har ut av skallen. For å ta igjen for det eg trur eg har tapt fram til Bringbu, så fortset eg like godt å køyre i sone 4 og 5 fram til Kvarstad. Då er det ikkje så rart at kroppen seier litt stopp. Det aller verste er at eg ikkje får ut potensiale frå Storåsen og inn, det er jo mitt parti Rune Herheim!!! At eg no har prøvd i eit døgn å leggja skulda på dårleg sykkel (og nei Jørund Rong sykkelen var god den), feil valg av olje, søle, regn og vind er berre tull og fanteri. Det er berre å krypa til korset og erkjenna at eg ein ikkje klarar å beregne opningsfarten, og at ein trur at ein er i betre form enn kva ein faktisk er. Turen over fjellet frå Rena til Lillehammer er kjekk den, det er til sjuande og sist den som sit oppå sykkelen som er avgjerande. No pågår det ein hektisk jakt etter lyspunkt for å motivere for vidare sykling, og kanskje vert det nye sjansar og personlege sprengåpningsrekordar!

Rune sin rittrapport:
Eg har kalla rapporten for «Drittbirken 2013». Sat med i frongruppa i pulje 5 til Skramstad. Men diverre, i år som i fjor, tabba eg meg loddrett ut. Ned mot Djuposet snur eg meg bakover for å kikka litt. Når eg snur meg fram att hadde eg hamna ut i lausgrusen og vegen svinga unødvendig mykje mot høgre. Det neste eg hugsar er at det står 2-3 raude kross folk rundt meg. Den eine vaskar sår, men dei to andre sa eg ikkje fekk køyra vidare. Av ein eller annan grunn fekk eg etter kvart køyra vidare. Der og då trudde eg at eg hadde hatt ein stopp på 40-50 sekund. Eg kan seia sopass at det vart ein ubehageleg tur på alle måtar. Ein ting eg hugsar eg syns var rart var at det var so mange frå pulje 6 rundt meg, men det var fyrst då eg tok att Einar og Knut Olav etter Sjusjøen at eg vart totalt forvirra (dei starta i pulje 6). I bubilen heimatt har me fått ei viss oversikt. Knut Olav hadde nemleg sett meg i skogen, og han var om lag 6 minutt bak meg i løypa. Det eg trudde var snakk om sekundar viste seg å vera fleire minutt. Etter ein bedriten sykkeltur til Lillehammer fekk eg teke meg min mest smertefulle dusj nokon sinne, og dette vart berre toppa av ein inni granskogen lang biltur heim til Voss. Då bar det lukts til legevakten. Vart sendt rett på CT og fekk skanna bollen, samt røntgen av høgre skulder, bryst, lår og kne. Konklusjon: Hjernerystelse, blautvevskade i nakken, rift i senefeste høgre skulder, brist i to ribbein, nokre avrevne muskelfibra i høgre lår, strekt leddband innside venstre kne og tidenes skrubbsårrekord. Måtte overnatta på intensiven med jamnlege oppvakningar av ei gedigen lommelykt opp i augene. No er eg heimkomen og har fått sjekka GPS-en. Nedover mot Djuposet går farten brått frå 53,1 km/t til 0 km/t. Eg stod i ro i om lag 7-8 minutt. Takk for turen.

Frode sin rapport:
Med Arnstein Ringheim sine tider frå 2012 (3:21) påklistra på rammo kunne ingen ting gå gale. Hang med teten ut frå start, men etter ca. 10 minutt fylgde eg planen min om å sjå meir på pulsklokka enn på deltakarane rundt. Folk passerte meg i hopetal, men felles for dei alle var at dei pesa som om deira siste time var komen. Passerte Skramstad 1:28 bak skjema, som forventa. 50 m før Bringebu mista eg kjedo, noko som utgjorde dei 19 sek som eg då var bak skjema. På Kvarstad var eg 8 sek bak skjema, beina var heilt fine og det var motiverande å sykla forbi folk heile tida. Den rolege starten hadde løna seg, og alt var berre velstand! Men brått kunne ikkje nytta dei seks tyngste gira bak. Stoppa sykkelen drog i bakgiret, hendlar og wirar til inga nytte. Sykla vidare som ein hjulvisp i ti minuttar og prøvde på nytt. Sykla vidare igjen, tenkte at alle gode ting er tre og spyla ein halvliter med fiskaslo på bakgiret - inga forskjell. Hjulvispa meg vidare til ein servicestasjon. Sykkelen vart spyla, ein mekanikar drog og sleit medan eg slo litt floke. Han fekk lurt han opp i femte giret, men neste gong eg kikka bak kom han ikkje lenger opp enn i 4 giret, altso like gale som før. Det vart mykje trilling og lite tråkking frå Storåsen og inn. Sluttida vart dermed eit godt stykke unna dei 3:20 som var målet mitt ...

Paul sin rapport:
Sykla Birken idag for første gong. Klarte å rote til starten slik at eg starta i pulje 8 istaden for pulje 6 slik eg skulle. Nybegynnerfeil. Det er eit fint ritt, men det har litt dårleg værkarma har eg skjønt. Iår var det vått og kaldt og eg hakka tenner då eg kom til mål. Kom inn på ei tid som eg kan klare å slå neste gong. Eit delmål er å starte i rett pulje :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar