"Hadde bestemt meg for å avslutte sesongen med Skarverittet. Det vart eit flott ritt med mange sterke folk i klassen min, mellom anna klassevinnar i birken Arild Christoffersen.
I år vart løypa også forandra litt, og det hadde ikkje eg fått med meg. Me kom inn i et terrengparti der feltet mitt delte seg og me tok att fleire tidlegare startande. Det var kunn eitt spor i terrenget og då er det håplaust å koma forbi viss du ikkje ligg fremst. Det vert store avstandar i eit langt terrengparti. Eg vart køyrande med 4 andre der det sprakk opp ved Geilo før me begynte på stigningane opp mot Kikut. Arild var det ikkje noko å gjera med. Han fikk køyra sitt eige løp då eg ikkje fekk nok hjelp av dei andre. Eg vart nr. 2 i klassen min og nr. 7 totalt. Er nøgd med det på ein heller tung dag, då formen ikkje er noko særleg mot slutten av sesongen. Men det er viktig å få ei god avslutting på sesongen.
Eg er nøgd med sesongen og har klart å køyra alle ritta eg hadde sett som eit mål, og der eg har halde ein nokon lunde form frå april til slutten av september. Kva som skjer neste år er det mange som spør om, men ingenting er avklara enno."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar