søndag 29. september 2013

Klubbmeisterskap og årsfest vel i havn

I går gjekk Vossevangen CK sin klubbmeisterskap av stabelen. Dag og Anton styrde arrangementet med stø hand, og traseen
var frå Seim (Øvre Granvin) til toppen av Skjervet. I strålande haustvær stakk Bjarte Vethe av med herretittelen og Silje Hjorth Rafaelsen med dametittelen (trass i at ho tidlegare på dagen kom på 5. plass i Stoltzen med 10:50!).

Det var ingenting å seia på farten. Jon Arild Hellebust, dagens andremann, hadde på gps-en og tok KOM-en opp Skjervet.

På kvelden avslutta ein solid gjeng årets sesong med årsfest hjå Olav. Det vart både god mat og drykk, samt utdeling av mange viktige prisar.

Årets kjeda/Johnny-prisen: Rune Herheim
Årest eldsjel: Olav Dugstad og Rune Herheim
"Best utan ball": Silje H. Rafaelsen
Årets optimist/mest aggressive køyring: Odd Inge Jordalen
Resultat





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar