lørdag 7. september 2013

Continentalcup Bømoen/Voss 7.9.2013

I dag arrangerte Vossevangen CK det 5. rittet i Continentalcupen. Været var strålande, medan traseen var noko fuktig etter eit døgn med nedbør i forkant. Fyrst ut var dei yngste i barnerittet. Dei sykla so mange rundar dei klarte på 15 minutt! So kom dei frå 10 år og oppover. Nokon sykla to rundar, nokon fire og dei hardaste sykla
seks. Bjørn Helgesen, CK Henie, var raskast av dei som sykla to rundar medan Hans Jørgen Wiborg, Bergen CK, sykla fortast av dei med fire rundar. Dæn fælaste farten heldt likevel Kristian Ellertsen frå Fana Sykkel. Han var i ein eigen divisjon, og vann med over fem minutt i 6-rundarsklassen. Sjå resultat på våre resultatsider. Me har òg lagt ut mange bilete: klikk her (foto: Olav Blikberg). Lena Sætre tok òg bilete: barneritt og vaksenritt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar