onsdag 20. september 2023

NC terreng Halden: Yvonne nr. 5!

I helga som var vart siste helga for Noregskøppritt terreng arrangert i Halden. Etter mykje uhell før i år fekk endeleg Yvonne Berge Børsheim vist litt av kva ho kan på ein terrengsykkel med ein veldig sterk femteplass på kortbanerittet sundagen. På lånt sykkel fekk ho ein ok start trass i at ho måtta stilla opp bakerst på grunna av dårleg seeding. Ho sykla seg stadig oppover, og enda til slutt heilt oppe i topp fem og kom seg med det inn blandt den øvste tredjedelen som fekk premie. Johan Berge Børsheim sykla solid begge dagar og fekk med seg to tiande-plassar. Ola Blikberg Herheim hadde litt meir vekslande hell, men fekk med seg ein 19. og 23. plass. Med det var terrengsesongen over og ungdomane frå Vossevangen har hanka inn ein haug med topp ti plasseringar i tøff tevling med andre beste 15-16-åringane i landet. Det vert spanande å sjå kva dei kan finna på til neste år. Sjå mange videoar og bilete under:











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar