mandag 11. september 2023

Rogaland 3-etappars: Ola nr. 3!

Pallen på tempoen
I helga arrangerte Stavanger SK og Sandnes SK Rogaland 3-etappers som sesongavslutting på den nasjonale Joker-serien for ungdomsritt. Ola Blikberg Herheim stilte for Vossevangen CK i M15-16. Den klassen sykla fyrst 10 km temporitt og så 30 min gateritt laurdagen og fellesstart på 80 km sundagen. Ola slo til med ein krutsterk tempo. Tempoen var nokså flat med kjeglevending halvvegs. Han heldt godt fylgje halvvegs, men attende var det litt meir stigning og då var han klart raskast og sykla

seg opp til ein tredjeplass, med same tid som nummer to og berre fire sekund frå sigeren. På gaterittet same dag, og særleg fellesstarten sundagen, hadde han gode bein og prøvde å koma seg laus i den eine bakken, men feltet køyrde hardt når folk høgt oppe i samandraget prøvde seg. Då enda det med at han sat fint med inn på begge ritta og forsvarte med det ein imponerande 3. plass samanlagt. Video frå fellesstarten finn du her. (passering etter 12:30, deretter ca. kvart 14. min). Resultatlister: tempo og samanlagt.


Pallen for samandraget

Før start på fellesstarten

Video frå fellesstarten sundagen:

Video frå gaterittet laurdagen:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar