søndag 26. mai 2024

Sterk sykling på Haugesund-Sauda

Laurdag 25. mai gjekk turrittet Haugesund-Sauda av stabelen, 108 km frå Amanda til kakebuffet i Sauda sentrum. Thomas Vethe og Filip Eidsheim sykla godt og kom inn med ei gruppe på totalt 15 ryttarar på delt 3. plass. Haugesund-Sauda pleier å vera eit hardt ritt for den raskaste pulja, og i år var det fleire sterke junioarar frå Stavanger, inkludert vinnaren Felix Ørn-Kristoff. Marius Flatabø kom inn på ein solid 40. plass av dei totalt 217 ryttarane i konkurranse-klassen. Sjå resultat her og les Thomas sin rapport under.

Thomas sin rapport:

Vart knallhardt kjørt frå start, mykje stavanger gutta so har trøkk i beina. Vart eigentlig heilt pompa ette 2 mil kjørt. Då va da etablert seg ei gruppa. Men vart kjørt hardt i kvar bakke. Datt av i den lengste bakken før mål men klarte kjøra meg oppatt til teten. Ørn-Kristoff og ein til hadde på den tide ståkke frå felte meina eg… litt usikker korti dei for. Vart piggare inn mot mål og det var ny støtecup. Filip hadde nokon gode forsøk som kosta for alle! Cirka 1 km før mål prøvde eg meg på ein. Fekk ei bra luka og prøvde kjøra all inn, stod om 3. plass. Vart henta cirka i siste sving før mål. Og då starta spurten, då hadde eg desverre ikkje noko å spurta me og raste gjennom resten av felte. Men godt nøgd. Føle meg sterkare og sterkare for kvart ritt som går. Filip var nok sterkast i den gruppo me satt i, gjor mykje jobb og fortjente 3 plassen spør du meg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar