tirsdag 21. mai 2024

Fana 3-dagers: Yvonne med siger, Ola med andreplass!

Tradisjonen tru skipa Fana IL sykkel til Fana 3-dagers i pinsehelga. Fire flotte ritt på tredagar, i strålande vær. Vossevangen CK markerte seg godt! Yvonne Berge Børsheim sesongdebuterte og tok like godt å vann alle fire ritta i K15-16 og tok sjølvsagt samanlagtsiger og gul trøya

med seg heim. Ola Blikberg Herheim sykla også sterkt og vart nr. 2 samanlagt i menn junior. Johan Berge Børsheim sesongdebuterte også i menn junior med sterk sykling på begge dei to fyrste ritta, og særleg på Lonevågrunden der han sat med i hovudgruppa heilt til siste gongen opp Solbjørg-knekkaren. Håkon Skjoldli sykla godt i Lønningsrittet og sat med inn med det som var att av hovedfeltet i M13-14, og sykla godt på slutten av ritta. Olav Handegard sykla i ein tøff men liten seniorklasse. Etter mykje kriging aleina fekk han løn for strevet med ein tredjeplass på Osterøy fellesstart siste dagen. Kristin Eidsheim Sønnesyn vart diverre sjuk og kunne ikkje stilla. Filip Eidsheim stod opp frå sjukesenge før siste ritt og kjempa seg inn til solid anderplass i M30-34. Fine dagar i Bergen og på Osterøy, og Vossevangen CK teltet fungerte ypparleg! Sjå bilete og videoar under:












 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar