tirsdag 14. mai 2024

Kristin og Ola med sterk sykling i Oslo

Ola på gateritt
Frøy IL skipa til Oslo tredagers helga som var. For Vossevangen CK stilte Kristin Eidsheim Sønnesyn og Ola Blikberg Herheim. Det opna med tempo fredag kveld, og der imponerte Ola kraftig med ein 9. plass, med alle dei beste på plass, inkludert juniorlandslaget. Laurdagen var det gateritt rundt Akershus festning og då var Kristin på plass også. Ho sykla inn til ein veldig bra 8. plass i

kvinner senior, medan Ola hang bra med den fyrste halvtimen, men måtte sleppa seg ned i gruppe tre siste 15 minuttane og kom på delt 29. plass. Sundag var det fellestart i Maridalen, og Kristin imponerte ytterlegare og sat saman med fire andre og kjempa om andreplassen heile rittet. Det enda med ein svært sterk 6. plass for vår fulltidsarbeidande småbarnsmor. Ola var litt uheldig med ein tidleg kjedemist og måtte svi av mykje krefter for å sykla seg opp att til feltet. To grupper kom seg fyrst i mål, men Ola klarte å sykla frå hovedfeltet på siste runden og kom seg inn til ein solid 19. plass.

Kristin nøgd etter målgang fellesstart


Kristin spent før start på fellesstarten







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar