torsdag 30. mai 2024

Dobbeltsiger til Vossevangen CK

Johan inn til siger
Onsdag 29. mai var det fyrste ritt i årets Sykkelbutikken køpp. Det var ei fin men nokså jobbete løypa i Skageskogen. Johan Berge Børsheim stakk av med sigeren for dei som sykla seks rundar og Thomas Vethe sytte for dobbeltsiger til Vossevangen CK. Begge to sykla fort og sytte for at det vart mange minuttar ned til dei andre på lista. Rune Herheim kom inn på ein 5.plass, medan Ea Berge Børsheim sykla godt for dei som hadde to rundar. Sjur Børsheim var manager og fotograf for dagen. Sjå resultat resultat her og bilete under.

Thomas inn til 2. plass

Rune inn til 5. plass

Sigerspallen: Johan  nr. 1, Thomas nr. 2 og Ellertsen nr. 3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar