lørdag 31. mai 2025

Strålande Bergen-Voss dag!

Thomas, Ola og Marius (Foto: Bjørn Sandnes)
I dag gjekk Bergen-Voss av stabelen. Nesten 1500 ryttarar fekk bryna seg på 162 km med fantastisk vestlandsnatur. Det var høgt nivå i dei fyrste puljene, så det gjekk fort til Voss for mange. Sykkelværet var aldeles strålande, og det var også strålande innsats av Vossevangen CK sine ryttarar.

søndag 25. mai 2025

Kjetil vann Kristiandsand-Hovden med Sandnes-ekspressen

Laurdag 24. mai gjekk Color Line Tour frå Kristiansand til Hovden av stabelen. Kjetil Isaksen stilte for Sandne-ekspressen, og saman med 14 andre frå laget sykla han inn til siger på 4t57min, over fem minutt før Team Kjekkas på andreplass og 8 minutt før Trimtex Cycling Team på tredjeplass. Kjetil er i form og klar for Bergen-Voss komande helg!



Ny kanon NC-helg for Vossevangen CK

Denne helga arrangerte Frøy IL den andre helga i Norgescupen for landevegssykling. Vossevangen CK hadde med Ola Blikberg Herheim i menn junior, Marius Flatebø og Thomas Vethe i menn senior, og ein gledeleg debut i kvinner junior for Yvonne Berge Børsheim. Ola fortsette sigersrekka frå dei føregåande helgene og vann tempoen fredag kveld. Det vart store avstandar

søndag 18. mai 2025

Vossevangen CK sette preg på Skjærgårdsrittet

Marius i brot
CK Sotra skipa i dag til Skjærgårdsrittet. Det var ein noko avkorta trase på omlag 50 km grunna vegarbeid nord i Øygarden. Vossevange CK sine ryttarar var med å sette farge på rittet. Særleg Marius Flatebø og Thomas Vethe var aktive og prøvde seg på fleire brot i fyrste del av rittet. Mot slutten var det ei gruppa på 17 ryttarar att som alle vart

søndag 11. mai 2025

Ola vann Sunvolden GP junior!

Ringerike Sykkelklubb arrangerte denne helga Sunvolden Grand Prix laurdag og Ringerike Grand Prix sundag for menn elite og menn junior. Dette er internasjonale landevegsritt og vert arrangert med UCI standard.

søndag 4. mai 2025

Norgescup-siger til Ola!

Ola på tempo, Foto: Are Iversen
Denne helga vart fyrste norgescup-helg på landeveg arrangert av Ottestad SK. Kermisritt fredag, temporitt laurdag og tradisjonsrike Gylne Gutua som fellesstartritt sundagen. Vossevangen CK hadde tre ryttarar med, Ola Blikberg Herheim sykla alle tre ritt i menn junior medan Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla sundagen i menn senior.

torsdag 1. mai 2025

Filip vann Os rundt!

I dag gjekk tradisjonsrike Os rundt av stabelen, som vanleg arrangerte CK Henie på 1. mai. Vossevangen CK hadde med ein fin liten gjeng. Filip Eidsheim viste at han vert vanskeleg å slå i år då han kom aleina til mål trass i at han vart jakta av åtta svoltne ulvar. Filip si vinnartid vart 1:02:05. Kent Ove Heimdal viser stigande formkurve og kom inn på ein finfin 25. plass med tida 1:07:22. Olav Midttun vart nr. 46 med tida 1:17:12 og Olav Hetlevik Handegard