 |
Thomas, Ola og Marius (Foto: Bjørn Sandnes) |
I dag gjekk Bergen-Voss av stabelen. Nesten 1500 ryttarar fekk bryna seg på 162 km med fantastisk vestlandsnatur. Det var høgt nivå i dei fyrste puljene, så det gjekk fort til Voss for mange. Sykkelværet var aldeles strålande, og det var også strålande innsats av Vossevangen CK sine ryttarar.
Ola Blikberg Herheim vann rittet saman med to andre (eller saman med fem andre etter litt justering av reglane med timeout ned Tokagjelet), og vart då naturlegvis også klar vinnar av juniorklassen. Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla knallsterk inn til delt 7. plass totalt og sytte for at Vossevangen hadde tre mann inne topp ti! Kjetil Isaksen viste at våre mastersyklistar også held særs høgt nivå med sin 17. plass totalt. Rune Herheim vart nr. 60, Kent Ove Heimdal imponerte med ein 85. plass, Olav Midttun vart nr. 152, Olav Handegard vart nr. 194, Felix Sieling nr. 249, Nils Asbjørn Lie nr. 266 og Gaute Mykkeltvedt nr. 439. Det vart teke mange videoar og bilete undervegs, og nokre av dei kan du sjå under her.
Ola fekk luka allereie frå Trengereid saman med to andre:
Thomas og Marius var med i neste gruppe:
Ola gjekk til hardt då Skjervet starta:
Seks mann kom i lag mot toppen:
Marius og Thomas sykla svært fort andre del av Skjervet og sikra seg med det 7. plass til slutt:
Nils Asbjørn imponerte med nesten under fem timar:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar