søndag 25. mai 2025
Ny kanon NC-helg for Vossevangen CK
Denne helga arrangerte Frøy IL den andre helga i Norgescupen for landevegssykling. Vossevangen CK hadde med Ola Blikberg Herheim i menn junior, Marius Flatebø og Thomas Vethe i menn senior, og ein gledeleg debut i kvinner junior for Yvonne Berge Børsheim. Ola fortsette sigersrekka frå dei føregåande helgene og vann tempoen fredag kveld. Det vart store avstandar nedover på resultatlista, og han hadde vorte nr. 8 i menn senior. Sterk sykling, særleg når menn senior fekk turrare asfalt og vinden løya. På laurdagen var det NM i gateritt rundt Akershus festning, og der small Yvonne til med ein fjerdeplass i sitt fyrste gateritt nokon gong. Ho var godt framme heile tida, to ryttarar sleit seg laus og Yvonne kom med i ei gruppa med tre andre som kjempa om tredjeplassen. Ein solid spurt gav fjerde plass. Denne plasseringa kopierte ho på sundagens fellesstart i Maridalen, trass i at ho fekk girvanskar og måtte byta sykkel. Ei veldig sterk debut-helg for Yvonne. Marius og Thomas kriga i ein tøff seniorklasse, men begge var mellom dei 80 som var kvalifiserte til å få sykla NM gateritt, og Marius vart nr. 53 og Thomas nr. 60. Sundagen vart ei tøff affære der berre drygt 30 ryttarar fekk fullføra heile rittet, men Marius klarde å henga med lenge. Marius sykla også tempoen fredagen på vanleg landevegssykkel, og leverte solide watt-verdiar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar