søndag 4. mai 2025

Norgescup-siger til Ola!

Ola på tempo, Foto: Are Iversen
Denne helga vart fyrste norgescup-helg på landeveg arrangert av Ottestad SK. Kermisritt fredag, temporitt laurdag og tradisjonsrike Gylne Gutua som fellesstartritt sundagen. Vossevangen CK hadde tre ryttarar med, Ola Blikberg Herheim sykla alle tre ritt i menn junior medan Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla sundagen i menn senior.

Kermisrittet fredagen var ei rimeleg flat rundløypa på 7 km som skulle syklast sju gonger. Normalt passar ikkje det så bra for Ola, men ein voldsom vind og eit grusparti på 1,8 km i kraftig sidevind gjorde rittet svært hardt, og det passa Ola godt. Det sprakk opp allereie på fyrste runde på grusen og Ola kom seg laus med 12-13 andre ryttarar. Det vart køyrt hardt kvar gong på grusen og etter 3-4 rundar var berre Ola og seks andre att. Litt uheldige taktiske val gjorde at det vart ein sjuande plass, men likevel det klart beste Ola har gjort på denne type ritt.

Temporittet laurdag vart ein braksuksess for Ola. Han sykla inn til ein klar siger i eit svært tøft startfelt, der han slo ryttarar som har hevda seg i toppen på temporitt i Europa siste året. Ola sykla faktisk så fort at det kun var fem i menn senior som hadde raskare tid enn han. Men den prestasjonen tok han leiinga i Norgescupen samanlagt for menn junior, og fekk sykla med gul trøya sundagen.

Sundagen var det altså klart for fellestartrittet Gylne Gutua. Igjen var det voldsom vind og ein sykla rundar på 21 km der kvar runde hadde seks grus-sektorar. Det vart store avstandar i alle klassar og veldig få som fekk fullføra sidan ein tek ut ryttarar som hamnar fem minutt bak teten. Marius og Thomas kriga godt og fekk fullføra tre rundar i det som truleg er det hardaste NC-rittet for sesongen. I juniorklassen var Ola var med i frontgruppa på 11-12 ryttarar, men vart for ivrig med å tetta luker og brukte opp kreftene samt at han måtte ein tur ned i grusen og enda dermed på ein 18. plass denne gongen.


Ola i front på Kermisrittet fredagen (EF-foto)

Ola i gul leiartrøya 

Pallen NC junior tempo

Marius i godt driv

Marius trykkjer på for å tetta ei luka

Ola og fire andre i front ut av grusparti fredag


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar