Ola Blikberg Herheim toppa forrige helg med å gå til topps på Sundvolden GP junior. Rittet er omlag 110 km langt i ein tøff trase rundt Tyrifjorden og vert avslutta med 330 høgdemeter klatring opp til mål. Det passa Ola godt. Det var omlag 25 ryttarar inn i siste bakken og noko før halvvegs var gruppa halvert til 12-13 mann. Då tok Ola ein fartsauke og feltet vart brått redusert til seks mann. Desse seks heldt saman nokre minutt før det berre var Ola og to andre att. Med tre minutt att tok Ola ein ny kraftig fartsauke og vart aleina og fekk køyra i mål i einsam majestet. Stor oppleving og sterk prestasjon mot sterke konkurentar frå Lillehammer CK og Asker CK, og tida Ola sette opp bakken stod seg svært godt då seniorane nokre timar seinare sykla same bakken opp til mål.
Ola fylgde opp på sundagen med ein sterk sjetteplass på Ringerike Grand Prix då han kom inn med ei femmannsgruppa berre 11 sekund bak vinnartrioen. Rittet har mange små bakkar og Ola brukte fleire av dei til å setja høg fart og fekk feltet til å sprekka opp fleire gonger, men det samla seg. Det vart likevel mange mørne bein då feltet kom inn i den berykta Riperbakken, og Ola kom over toppen rett bak ein tet-trio. Nokre ryttarar kom opp bakfrå og etter ein bra spurt fekk Ola ein sjetteplass. Ei god helg på Hønefoss for Vossevangen CK.
Foto: NCF/Hege Kristin Moen
Ola i mål |
Sigerspallen med sterke klatrarar |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar