søndag 26. april 2026

God fellesstart av Marius på fyrste NC-helg

Denne helga skipa Grenland SK til årets fyrste NC-helg for landeveg. Vossevangen CK hadde med Marius Flatebø i menn elite på Kermes-rittet laurdag og fellesstarten sundag. Kermes-rittet gjekk ikkje heilt som vona med ein 45. plass. I dag på fellesstarten gjekk det langt betre, og Marius kom inn på ein 25. plass av dei 66 til start i menn elite. Det var ein solid bakke opp til mål på kvar runde som tidleg skilte feltet og ryttarane kom til slutt stykkevis og delt til mål. Ein solid kraftprøve, og neste helg kjem andre NC-helg, denne gongen på Ottestad og Gylne Gutuar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar