søndag 19. april 2026

Ola imponerte i Tour of Bosnia and Herzegovina

Ola Blikberg Herheim sykla denne veka etapperittet Tour of Bosnia and Herzegovina. Rittet var eit UCI 2.2 ritt over tre etappar med sterkt startfelt sett saman av 25 lag med sju ryttarar på kvart lag, totalt 175 ryttarar. Ola er 18 år og som fyrsteårs senior har han ein hjelperyttar-rolle i laget. Fyrste etappe var tenkt som spurtetappe, men ein bakke etter 40 km sprengte feltet. Ei gruppa på 15 mann kom fyrst over, og Ola sat som fjerdemann over toppen. Ei gruppa på 17 mann kom opp slik at dei vart 32 ryttarar i front. Begge kapteinane på Ola sitt lag var med, og laget var difor særs nøgde med situasjonen og Ola måtte jobba hardt i gruppa. Det enda med 8 min forsprang på feltet, og Ola fekk også til eit svært godt spurtopptrekk og fekk posisjonert seg inn topp fem på oppløpet, men då vart diverre kapteinen skvisa av bakhjulet hans. Ola måtte då spurta sjølv og kom inn til 14. plass og hans klart beste ritt på dette nivået. Men det resultatet låg han som nummer seks på lista for kvite-trøya (dei beste i samandraget under 23 år).

På laurdagen vart det igjen ein splitt i den lengste bakken og 20 ryttarar kom i frå. Ola var bak splitten, men klarte å sykla seg opp til frontgruppa mot slutten av bakken. Så vart det etterkvart samla ei større gruppa mot mål med over 80 ryttarar og Ola kom i mål midt i feltet.

Sundagen var det dronningetappen med mest klatring. Ola hadde endå betre bein enn dei to fyrste dagane. Over siste fjellet var det berre han og seks av dei sterkaste ryttarane att, og Ola var på veg til å vinna kvitetrøya. Utfordringa var at dei to kapteinane hans sat i ei femmanns-gruppa bak teten, så Ola valde å ikkje bidra i gruppa. Det førte til at dei vart henta, og Ola gjekk over i hjelperyttar-rolle mot mål med å tetta brotforsøk og så spurtopptrekk. Ola kom til slutt sjølv på 23. plass på etappen og tok 6. plassen i kvite-trøya (berre 15 sekund bak vinnaren). Han var svært nøgd og sa det var det soleklart beste han har levert på sykkelen: låg alltid langt framme og sette watt-rekordar mot slutten av hard etappe i sterk varme. Med denne syklinga ligg han godt han til å sykla dei to store etappe-ritta Oberösterreich Rundfahrt i juni og Tour of Austria i juli. (Foto: Kovac Visuals).







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar