tirsdag 7. april 2026
Marius imponerte i 3 Dage i Nord
Dei tre siste dagane av påsken går det årlege rittet 3 Dage i Nord i Danmark. Det er tre ritt med totalt opp mot 1000 ryttarar i kvart av ritta, og A-klassen for senior talde i år omlag 180 ryttarar der alle dei beste kontinentallaga frå Danmark var med, samt sterke ryttarar frå heile Norden. Årets ritt vart prega av ekstreme vindforhold, der det andre rittet vart avlyst og det tredje rittet avbrote. Slike vindforhold i flate rundløyper gjer ein allereie krevjande idrott enno meir krevjande, med voldsom posisjoneringskamp frå start og i medvind- og motvindsparti for å koma så tidleg som råd inn på parti med sidevind. I sidevind må ein så snøgt som råd etablera vifter og ikkje minst kjempa om å få tak i ein av plassane i ei av viftene som er lengt mogleg framme i feltet.Vossevangen CK hadde med Marius Flatebø og Ola Blikberg Herheim. Felta sprakk opp umiddelbart frå start, men Marius imponerte då han fyrste dagen kom seg inn ei det som etter kvart etablerte seg som pulje 3 og som kjempa om plasseringar topp 40-50. Marius har berre eitt år bak seg med systematisk sykkeltrening og fekk brynt seg i fjor på norgescup-ritt, men 3 Dage i Nord er eit solid steg opp i nivå, både fysisk og ikkje minst alle vala ein må ta i den tøffe posisjoneringskampen. I det tredje rittet gjekk det endå betre for Marius og han sat med i ei sterk gruppa på omlag 30 mann som berre hadde ei tetpulja på 12-14 mann framfor seg då rittet vart avbrote etter1,5 timar på grunn av at vinden og vindkasta hadde auka slik at det ikkje lenger var forsvarleg å sykla. Ola er i år 18 år og fyrsteårs senior og var litt overalt i vinden. Fyrste dagen var han tidvis langt framme, så blas han ut på nokre danske åkrar for å visa å visa fram mtb-skills, havna bakpå men kom seg oppatt til Marius si gruppa for så å punktera og havna i kostebilen til mål. Historia gjentok seg på dag tre for Ola, men han kriga godt til rittet vart avbrote. Alt i alt svært verdifull trening for begge to, og Marius fekk vist at han har teke store steg og sykla seg truleg rett inn på regionslaget som får sykla Sundvolden og Ringerike GP i mai.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar