mandag 25. mai 2026

Ea Berge Børsheim debuterte på Jokerritt

Denne helga gjekk Fana Sykkel sin årvisse Fana 3-dagers av stabelen. Fira ritt, tre fellesstartar og ein tempo, som alle inngår i den nasjonale Jokerritt-serien for dei mellom 10–16 år. Vossevangen CK hadde med Ea Berge Børsheim i K13–14 og Filip Eidsheim i M35–39.

I fylgje rapportane var Ea naturleg nok noko usikker på kva ho gjekk til sidan det var hennar fyrste ritt på dette nivået, men ho klarte seg særs godt. K13–14 syklar saman med M13–14 og K15–16, så det et er eit tøft felt for jentene i K13–14. Laurdag sprakk feltet opp i smågrupper og Ea hang godt med. Ikkje langt bak fyrste jenta i K13–14 etter 5-6 rundar, og framfor jenter frå Frøy i K15–16. Tapte litt tid på slutten, men veldig godkjent fyrste ritt. Sundagen var det ny fellesstart på føremiddagen og tempo på ettermiddagen i same trase. Ea sykla særleg godt på tempoen og var berre kun 28 sekund bak vinnaren Madelen Furenes frå Bogafjell Sykleklubb. Før siste dagen kom ei byrjande forkjøling som gjorde at ho måtte stå over siste etappen, men alt i alt i meget fin fyrste ritthelg for Ea.

Filip sykla Osterøyrunden, det fjerde og siste rittet i Fana 3-dagers. Filip leverer som alltid solid og vart nr. 2 i M35–39 og nr. 4 totalt av mastersyklistane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar