Fellestrening vert tysdag og torsdag kl. 18:00 med oppmøte ved Meieriet. Treningane varar omlag to timar, men ein kan fint velja å gje seg før. Viss ein ikkje rekk kl. 18 kan ein gjera avtale om å treffast undervegs. Fyrste gong vert tysdag 20. april! Tysdagar syklar me rolege turar, medan torsdagane vert det fokus på kvalitet der me legg inn ulike typar intervallar, lagtempo osv. Begge dagar vert tilpassa slik at dei passar for alle i klubben. Me starar med landeveg begge dagar, men når sumaren kjem vert eine økta på terrengsykkel. Me ynskjer alle hjarteleg velkomne på våre treningar!