lørdag 20. juni 2015

Postvegrittet: knalldag for Vossevangen CK!

I strålande solsking og 20 grader låg alt til rette for eit særs vellukka Postvegritt i dag. Rittet finn stad i Dale i Sunnfjord og er 46 kilometer med sti, kjerreveg, grusveg og asfalt. Ein lengre del av rittet går langs Den Trondhjemske postvei. Tre gode stigningar og fleire friske nedkøyringar syter for at rittet skil godt. Kjetil Isaksen og Nikolai Hanevik starta hardkøyret omtrent frå start, og før halvegs var eit tomannsbrot eit faktum. I siste stigninga fem kilometer frå mål stakk Kjetil i frå og kom aleina i mål. Trass i ugunstig vind sette Kjetil ein solid ny løyperekord med tida 1:33:47. Nikolai viser at godformen er like rundt hjørna

søndag 14. juni 2015

Ny topplassering av Kjetil i NC!

Kjetil går "all inn" i spurten,
og leverer eit nytt kjemperitt!
Kjetil er i slag! I dag sundag 14.06, var det fellestart nr. tre i Noregscup'n. Etter eit kanonritt i går, fylgte Kjetil opp med nytt toppløp! I kamp mot dei beste laga i Noreg, imponerar han stort då han stiller som einsleg Vossevangar på dette nivået i år. I dag kom han inn som nr. 22 i det sterke feltet, på same tid som til dømes Fillip Eidsheim og Herman Dahl! Dette lovar bra for framhaldet! Me har fengje fylgjande skildring frå hovudpersonen sjølv:



Kjetil i Noregstoppen! Kanonkøyring under NC-helg på Eidsvoll

Kjetil Isaksen er i aksjon i helga, då det er tredje NC-runde, med Noregscuphelg på Eidsvoll. Laurdag var det rankingritt på 100 km, rundbane fire rundar. Store delar av Noregseliten stilte til start! Kjetil kjempa heilt i toppen og kom i mål på 13-plass på same tid som vinnaren! Dette er ein kjempeprestasjon av Kjetil som hevdar seg i toppen, trass i at han ikkje har eit lag rundt seg i løypa. Fillip Eidsheim frå Team Fixit.no tok sigeren, medan Garmin-proff Kristoffer Skjerping vart nr. 3!


Spurten går! Kjetil og Vossevangen CK er med!

mandag 8. juni 2015

Bjarte vann Mjøsa rundt med Atea

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i går inn til bestetid på Mjøsa rundt saman med team Atea. Rittet er på heile 265 km gjennom variert terreng rund den største innsjøen i Noreg. Atea køyrde hardt og i tillegg hadde dei ein velt, slik at det var berre 8 mann som kom til mål i lag til slutt. Bjarte

søndag 7. juni 2015

Bergen-Voss i REGN-REGN-REGN

Kjell Olav alltid blid -
sjølv om me kom for seint til start!
Årets Bergen-Voss går inn i histora som tidenes fuktigaste. Kraftig regn frå start til Skjervet gjorde turen til ein blodslit for alle og ein kvar av dei 3000 deltakarane. Vossevangen CK hadde 21 påmelde, men fire av desse fekk aldri sykla på grunn av stengd E16. Det var svært sterk deltaking i den raskaste pulja i år, og Kjetil Isaksen tok ein solid 8. plass med tida 4:18:54. 19-åringen Bjørnar Vevatne Øverland (BCK) vann med tida 4:17:03. Han gjekk solo i Skjervet og heldt unna heilt til mål. Svært sterkt gjort og veldig lenge sidan nokon har vunnet Bergen-Voss i einsam majestet. May Lisbeth Flo imponerte i dameklassen med 26. plass på tida 5:41:59. Vossevangen CK

mandag 1. juni 2015

Bjarte og Atea vann Randsfjorden Rundt

Atea med Bjarte til høgre i vestlandsvær
Bjarte Vethe, Vossevangen CK, var med på Atea-laget som vann lagtevlinga på Randsfjorden rundt i går. Rittet er 148 km langt, og kilometrane vart ekstra lange på grunn av særs rufsete vær. Atea vann med over 4 minutt ned til Rye og Lillehammer. Sjå komplett resultatliste på våre resultatsider og reportasje frå rittet hjå landevei.no.

Eirik nr. 3 i M20-24 i Nordhordland rundt

Eirik Aastvedt, Vossevangen CK, sykla Nordhordland rundt i går. Han sykla inn til 3. plass i klassen for menn mellom 20 og 24 år på tida 2:37.51. Gunnar Eidsheim frå Fana IL vann rittet på tida 2:11:55. Sjå resultat på våre resultatsider.