Denne veka sykla Ola Blikberg Herheim, Vossevangen CK, Nations Cup i Ungarn for landslaget. Nations Cup er det høgste nivået i internasjonal juniorsykling. Med 38 grader i skuggen, steikande sol, to paddeflate fellesstartritt på 147 km og 89 km og ein kort by-prolog på 3,6 km til slutt, var dette ritt som i utgangspunktet ikkje passa Ola. Likevel hadde internasjonale instragrammarar Ola som ein av favorittane i samandraget på grunn av sigrane han har i år på tempoar i Noregskøppen.
søndag 17. august 2025
Internasjonalt gjennombrot for Ola på 18-årsdagen
fredag 15. august 2025
Sterk sykling på Noregskøpp på heimebane
Førre helg skipa Vossevangen CK til Noregskøpp på heimebane. Eit stort stykke arbeid vart lagt ned av mange i klubben, og då var det ekstra morro at våre tre ryttarar gjorde det særs godt. Marius Flatebø og Thomas Vethe sykla i menn senior og Ola Blikberg Herheim i menn junior. Både Marius og Thomas sykla truleg sine beste ritt nokon sinne, med Marius sin imponerande 12. plass på gaterittet laurdagen og Thomas med 19. plass på fellesstarten sundag. Ola imponerte på tempoen på fredagen, der han i same regnværet som menn senior tok andreplass i juniorklassen og femte raskast totalt, berre 6 sekund bak vinnar i menn senior. Ola vart også nummer 4 på
lørdag 5. juli 2025
Kjetil nr. 5 i Master-NM
I helga som var skipa Arendal Cycleclub til Master-NM i landevegssykling. Kjetil Kiledal Isaksen representerte Vossevangen CK på fellesstarten, og som vanleg sykla han godt. Det var fyldige startlister, og i Kjetil sin klasse, M40-49, var det heile 60 til start. Det var høgt nivå på mange av ryttarane, men Kjetil låg godt plassert heile vegen og sikra seg ein fin-fin femte plass til slutt. Han hadde medalje i sikte, men litt uflaks på slutten stod i vegen for det. Les Kjetil sin rapport under.
Kjetil sin rapport:
60 prs på start i klassen 40-49. Nydelig vær og kul løype mellom Arendal og Tvedestrand. I en rundløype på 25 km var første halvdel typisk sørlandsterreng, opp og ned og masse svinger. Resten var større veier og vindutsatt. Det ble mye rykk og napp og possisjonskamp før de lengste bakkene og inn på medvindstrekkene. Kroppen var på lag i dag og jeg satt greit med. Der det var posisjonskamp satt jeg framme og var tett på om det skulle bli luker. Siste gang opp siste bakke gikk det fort, det ble bra strekk i feltet her, dessverre kom vi oss ikke avgårde i front. Siste km mot mål gikk det fort. Mye rundt 50 km\t i medvinden. Km merkene var blåst ned så det var vanskelig å følge med på avstand til mål. Siste km plukker jeg jevnt med plasser. Før spurten ligger godt plassert og har mer krefter igjen. Dessverre stivner de to foran meg og det er umulig å komme forbi. 5 plass får være godkjent.
Kjetil sin rapport:
60 prs på start i klassen 40-49. Nydelig vær og kul løype mellom Arendal og Tvedestrand. I en rundløype på 25 km var første halvdel typisk sørlandsterreng, opp og ned og masse svinger. Resten var større veier og vindutsatt. Det ble mye rykk og napp og possisjonskamp før de lengste bakkene og inn på medvindstrekkene. Kroppen var på lag i dag og jeg satt greit med. Der det var posisjonskamp satt jeg framme og var tett på om det skulle bli luker. Siste gang opp siste bakke gikk det fort, det ble bra strekk i feltet her, dessverre kom vi oss ikke avgårde i front. Siste km mot mål gikk det fort. Mye rundt 50 km\t i medvinden. Km merkene var blåst ned så det var vanskelig å følge med på avstand til mål. Siste km plukker jeg jevnt med plasser. Før spurten ligger godt plassert og har mer krefter igjen. Dessverre stivner de to foran meg og det er umulig å komme forbi. 5 plass får være godkjent.
mandag 30. juni 2025
NM-bronse til Ola
I veka som var vart NM landeveg arrangert. Glåmdal hadde tempo torsdag på 27 km i ei rimeleg flat løypa langs Mjøsa, og Ringerike hadde fellestartane laurdag og sundag i småkuperte løyper. Ola Blikberg Herheim tok ein sterk bronsemedalje på tempoen. Han skulle som vanleg starta kontrollert, men hadde svært gode bein og leia etter 10 km. Då fekk han diverre store mageproblem, kasta opp og måtte sykla dei neste 15 km på 70-80 %. Siste to minuttane var ein bratt
mandag 9. juni 2025
Marius, Thomas og Filip med sterk sykling på Fana 3-dagers
Som vanleg arrangerte Fana IL sykkel Fana 3-dagers i pinsen. Vossevangen CK hadde med Marius Flatebø, Thomas Vethe og Olav Handegard. I tillegg sykla Filip Eidsheim siste rittet. På fyrste rittet, Lønningsrittet, klinka Marius til med andreplass. Thomas fekk problem med giret og enda på sjuande og Olav tok 12. plass. Lonevågrunden vart ein strålande dag der Marius tok ny andreplass i spurtduell med Thomas som tok
Ola fekk prøva seg på landslaget
Denne helga deltok Noreg sitt juniorlandslag for herrer på Nations cup i Venezia, Italia. Mellom dei seks ryttarane fann me ein Vossevangen CK ryttar, nemleg Ola Blikberg Herheim. Etter ei rekke gode resultat i år, mellom anna tre sigrar på NC-nivå, fekk Ola sjansen på landslaget.
mandag 2. juni 2025
Mallorca 312 – ei stor sykkeloppleving
Me er alltid på jakt etter saker om gode sykkelopplevingar for våre medlemmer. Det er difor ei gleda å dela Gaute Mykkeltvedt si deltaking på Mallorca 312. Les rapporten hans, sjå bileta og lat deg inspirera til trening og eventyr på sykkel:
Mallorca 312
Etter å ha høyrt mykje, mest positivt om det sagnomsuste turrittet Mallorca 312, var me tre ivrige naboar som stilte oss i digital kø tidleg i oktober for startnummer. Utsolgt på rekordtid, 8500
Mallorca 312
Etter å ha høyrt mykje, mest positivt om det sagnomsuste turrittet Mallorca 312, var me tre ivrige naboar som stilte oss i digital kø tidleg i oktober for startnummer. Utsolgt på rekordtid, 8500
lørdag 31. mai 2025
Strålande Bergen-Voss dag!
Thomas, Ola og Marius (Foto: Bjørn Sandnes) |
søndag 25. mai 2025
Kjetil vann Kristiandsand-Hovden med Sandnes-ekspressen
Laurdag 24. mai gjekk Color Line Tour frå Kristiansand til Hovden av stabelen. Kjetil Isaksen stilte for Sandne-ekspressen, og saman med 14 andre frå laget sykla han inn til siger på 4t57min, over fem minutt før Team Kjekkas på andreplass og 8 minutt før Trimtex Cycling Team på tredjeplass. Kjetil er i form og klar for Bergen-Voss komande helg!
Ny kanon NC-helg for Vossevangen CK
Denne helga arrangerte Frøy IL den andre helga i Norgescupen for landevegssykling. Vossevangen CK hadde med Ola Blikberg Herheim i menn junior, Marius Flatebø og Thomas Vethe i menn senior, og ein gledeleg debut i kvinner junior for Yvonne Berge Børsheim. Ola fortsette sigersrekka frå dei føregåande helgene og vann tempoen fredag kveld. Det vart store avstandar
søndag 18. mai 2025
Vossevangen CK sette preg på Skjærgårdsrittet
Marius i brot |
søndag 11. mai 2025
Ola vann Sunvolden GP junior!
Ringerike Sykkelklubb arrangerte denne helga Sunvolden Grand Prix laurdag og Ringerike Grand Prix sundag for menn elite og menn junior. Dette er internasjonale landevegsritt og vert arrangert med UCI standard.
søndag 4. mai 2025
Norgescup-siger til Ola!
![]() |
Ola på tempo, Foto: Are Iversen |
torsdag 1. mai 2025
Filip vann Os rundt!
I dag gjekk tradisjonsrike Os rundt av stabelen, som vanleg arrangerte CK Henie på 1. mai. Vossevangen CK hadde med ein fin liten gjeng. Filip Eidsheim viste at han vert vanskeleg å slå i år då han kom aleina til mål trass i at han vart jakta av åtta svoltne ulvar. Filip si vinnartid vart 1:02:05. Kent Ove Heimdal viser stigande formkurve og kom inn på ein finfin 25. plass med tida 1:07:22. Olav Midttun vart nr. 46 med tida 1:17:12 og Olav Hetlevik Handegard
søndag 27. april 2025
Rittsesongen i gang!
Denne helga var rittsesongen i gang for fullt for mange, og Vossevangen CK hadde fleire med på turrittet Fanafjellet rundt laurdag og det aktive rittet Rådalen rundt sundag. Begge ritta er arrangert av Fana IL Sykkel. Laurdagen vart ein stråalande dag, både vær og sykling var bra. Ola Blikberg Herheim med 3. plass totalt og siger i M17-19, Thomas Vethe 4. plass og Marius Flatebø på 10. plass sytte for at me hadde tre menn inne topp ti. Kent Ove Heimdal sykla også fort med ein 33. plass, medan Olav Midttun var noko uheldig og bomma på
onsdag 5. februar 2025
Årsmøte 2025
Innkalling til årsmøte 2025
Vossevangen Cykleklubb
Tid: Sundag 2. mars kl. 17.00
Stad: Voss Bowling
Saksliste:
1. Opning
2. Godkjenning av røysteføre
3. Godkjenning av innkallinga og sakslista
4. Val av dirigent og 2 representantar til å underskriva protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap og budsjett
7. Fastsetjing av medlemskontingenten 2025
8. Ungdomssatsing i regi av NCF Region vest
9. Info om NC landeveg (Rune)
10. Innkomne forslag
11. Val
Forslag til andre saker som ein ynskjer handsama på årsmøte må væra styre i hende innan 23. februar 2025.
Styret Vossevangen Cyklekubb
Vossevangen Cykleklubb
Tid: Sundag 2. mars kl. 17.00
Stad: Voss Bowling
Saksliste:
1. Opning
2. Godkjenning av røysteføre
3. Godkjenning av innkallinga og sakslista
4. Val av dirigent og 2 representantar til å underskriva protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap og budsjett
7. Fastsetjing av medlemskontingenten 2025
8. Ungdomssatsing i regi av NCF Region vest
9. Info om NC landeveg (Rune)
10. Innkomne forslag
11. Val
Forslag til andre saker som ein ynskjer handsama på årsmøte må væra styre i hende innan 23. februar 2025.
Styret Vossevangen Cyklekubb
Abonner på:
Innlegg (Atom)