![]() |
| Søknadsfrist 31.12.2015, kl. 23:59:59 |
![]() |
| Søknadsfrist 31.12.2015, kl. 23:59:59 |
Vossevangen CK sin årvisse klubbmeisterskap og årsfest vert
17. oktober. I år feirar klubben 10-årsdag og sler difor på stortromma:
festmiddag på Store Ringheim der klubben betalar omlag heile gildet (ein
knøtliten eigenandel på 200,- per snute). Festen byrjar 19:00. Påmelding på Facebook eller til Rune (rher@hib.no) innan 10. oktober!
I strålande vær sykla unge og vaksne terrengritt i Bømoen i dag. Dette var det femte og avsluttande rittet i årets Continentalcup. Dei yngste, 4-11 år, starta ballet med å sykla så mange rundar dei klarde på 12 minutt i ei fin og variert rundløypa. Etterpå var det dei eldre sin tur i ein noko lengre runde med mykje artig stisykling. Kjetil Isaksen vann klassen som sykla 7 rundar, 28 sekund før Rune Herheim. Tobias Nyborg imponerte med ein flott 3. plass. Roger Eide tok 5. plassen, Olav Dugstad 6. plass, Jan Eric Crook 11. plass og Geir Ove Byrkje 13. plass. I klassen for dei som sykla 4 rundar vann Ole Haveraaen før Tobias Ute (12 år!) og Trude Andersen. Thomas Wethe tok 6. plassen og
![]() |
| Frå ei tilfeldig fellestrening i Vossevangen CK |
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, sykla laurdag det 4. rittet i Noregscupen på landeveg i Trøndelag og criterium gateritt sundag. Rittet laurdagen viste seg å verta den hardaste løypa i år med over 3000 høgdemeter. Då vart det ikkje eit ritt som passa for Kjetil, men det var mange sterke ryttarar som vart teke ut av rittet før Kjetil. Gaterittet sundag passar derimot Kjetil langt
Silje Hjorth Rafaelsen, Vossevangen CK, tok i dag ein fantastisk 5. plass i Norseman Xtreme Triathlon! Denne triathlon-tevlinga vert av mange rekna som den hardaste i verda: 3,8 km symjing i iskalde bylgjer i Hardangerfjorden, 180 km sykkel opp og over Hardangervidda, Dagalifjell og Imingfjell og til slutt 42 km maraton med målgang på toppen av Gaustadtoppen! Med totaltida 12:44:03 var det berre 4 kvinner som klarde å slå Silje, og faktisk berre 52 menn! Ein imponerande prestasjon. Sjå komplette resultat på våre resultatsider, og les Silje sin utruleg flotte race report under!
Cato Vivelid Nilssen tok ansvar for at Vossevangen CK si drakt vart vist fram på årets Grenseritt. Grenserittet er eit svært populært terrengritt på 80 km frå Strømstad til Halden. Cato sykla inn til tida 3:50:03. Vann gjorde Wengelin frå Sverige på 2:26:51. Sjå resultatlister på våre resultatsider.
![]() |
| Nikolai i spurten! |
Jørund Rong representerte Vossevangen CK sine fargar på fellesstarten i master-NM i helga. Det vart lagt opp til eit hardt ritt i Hallingdalen, der løypa hadde fleire lange og harde motbakkar og nokre friske nedkøyringar. Ikkje uventa hang Jørund med teten oppover, men laut gje luka til dei beste nedover. Likevel vart det eit sterkt resultat med 14. plass i klassen og berre 10 minutt bak vinnaren. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Jørund sin rittrapport under.![]() |
| Kjetil leiar tetgruppa ned Sognefjellet. Hurrungane bak! Foto: Håvard Nesbø |
Roger Eide, Vossevangen CK, vann i dag triatlontevlinga Vossatri på suverent vis. Dette er ein del av ekstremsportveka, og Roger tok heim sigeren etter 200 meter symjing i utebassenget, ein 22 km lang terrengsykkeletappe om Raugstad og 5 km terrengløp i Prestegardsmoen til slutt.
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, fortset å imponera. Etter ein sterk 23. plass på NM gateritt i fredagskvelden tok han ein imponerande 4. plass på Hedmarksvidda rundt i dag. Hadde han ikkje trakka ut av pedalen i spurten hadde han truleg teke steget heilt opp på pallen i "debuten" på terrengritt på austlandet. Rittet hadde ein sterk eliteklasse, med mellom anna Terreng-noregsmeisteren Anders Fiskvik (2013), broren Erik Fiskvik og Joakim Vika. Løypa hadde mange terrengparti, der 26-tommaren til Kjetil fekk køyrt seg! Les Kjetil sin rittrapport under, og sjå resultat på våre resultatsider.
Nikolai Hanevik, Bjarte Vethe og Rune Herheim representerte i dag Vossevangen CK i Hallingrittet. I fantastisk vær hadde svært mange funne vegen til Golsfjellet, så farten vart høg og konkuransen hard. Nikolai tok ein solid 10. plass med tida 1:28:37, Bjarte ein 13. plass med 1:29:23 og Rune ein 17. plass med 1:31:01. Nikolai var med tetgruppa på 5 mann den fyrste halvtimen, men laut sleppa seg ned til gruppa med Bjarte og Rune. Bjarte tok 2. plassene i M45-49 og Rune 3. plassen i M35-39. Sjå resultat på våre resultatsider, og les rittrapportane under.
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, tok ein sterk 23. plass på NM gateritt fredag kveld. Gateritt er fartsfylt, teknisk og knallhardt køyr i ei rundløypa i ein by, og denne gongen var Gjøvik plassen det skjedde. Sjå resultat på våre resultatsider, sjå video under samt les Kjetil sin rittrapport:![]() |
| Atea med redusert mannskap mot slutten (Foto: Eirik granly) |
![]() |
| Kjetil går "all inn" i spurten, og leverer eit nytt kjemperitt! |
![]() |
| Spurten går! Kjetil og Vossevangen CK er med! |
| Kjell Olav alltid blid - sjølv om me kom for seint til start! |
![]() |
| Atea med Bjarte til høgre i vestlandsvær |
![]() |
| Pallen på Fana 3-dagars, samanlagt! |
![]() |
| Kjetil tok sigeren! Me gratulerar!! |
Det andre rittet i årets Noregskøpp på landevegen var Gylne Gutuer. Dette er eit spesielt ritt med mange grusparti og utan for mange høgdemeter. Eit teknisk ritt utan monsterbakkar skulle passa Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, svært godt, og det gjorde det. Han var lett med i det vesle hovedfeltet som var att ut på siste runden, og som ein av dei beste spurtarane att i gruppa såg ting
I strålande solskin sleit mange sprekingar seg opp Stalheimskleiva i dag. Nokon syns det vart for lite å berre springa opp - dei deltok i "Hardhausen": sykkelritt kl. 15, rulleskirenn kl. 1530 og hovudløpet kl. 16. Vossevangen CK sin bestemann i Hardhausen vart Sindre Hirth med ein sterk andreplass, bak råskinnet Hans Inge Klette. Sindre sykla svært godt og tok andreplass i| Ny VCK-tempodrakt! Sparar sekundar om ikkje minutt! |
Kjetil Isaksen, Vossevangen CK sin einaste ryttar som syklar Noregscup-nivå landeveg i år, har hatt ein del utur i sesongstarten sin. I sesongopninga i Rådalen rundt tok han rett nok ein sterk 3. plass, men deretter har han hatt tre helger med stong ut. Les Kjetil sin eigen versjon under:
I framifrå vårvær sykla fire spreke Vossevangen CK-syklistar dagens Håhaugritt. Håhaugrittet er eit terrengritt med uvanleg bratte og lange motbakkar gjennom frukthagar i majestiske Hardanger. Start og mål er ved Hauso skule, og med 800 høgdemeter fordelt på (berre) 23 km bør ein ha lette gir. Nikolai Hanevik tok ein suveren
Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i dag Enebakk rundt med ATEA. Enebakk rundt er eit intenst ritt på 80 km med lagkonkurranse. Trass i låge temperaturar vart det sykla svært fort, og Bjarte var med blandt dei som heldt heilt inn for Atea. Sjå resultat på våre resultatsider.

I går var fyrste rittet i årets Continentalcup. Rittet var ei artig og teknisk rundløypa oppe på Krohnegården/Melkeplassen utanfor Bergen. Vossevangen CK hadde tre mann på startlista, men sidan Nikolai Hanevik framleis slit med sjukdom laut Rune Herheim og Magnus Hanevik forsvara klubben si æra. Rune nytta høve til å ta andreplassen bak suverene Ellertsen frå Fana SK når 2-3 av dei sterkaste ryttarane ikkje kom til start. Magnus «debuterte» i denne type ritt og fekk seg ei skikkeleg god hardøkt. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Rune sin
I dag hadde Vossevangen CK tre mann med i Sund fellestart. Kjetil Isaksen sykla i eliteklassen, medan Roger Eide og Rune Herheim deltok i masterklassen. Traseen var ein flott runde på Sotra på 24 km, der eliten sykla fem rundar og master sykla fire. Kjetil var diverre uheldig og fekk ei eika som rauk på bakhjulet. Dermed vart det ein DNF på han i dag, men Kjetil rapporterer om stigande form. Han kjem sterkt attende ved neste krossveg. Rune sat med inn med vinnargruppa i master. Roger hamna for langt bak då feltet delte seg på andrerunden. Då rauk strikken og det vart tungt å sykla i motvinden i ein liten trio. Alle tre rapporterer om ein
Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng, Vossevangen CK, vart denne helga verdsmeister i vintertriatlon! Ein framifrå prestasjon. Tittelen på tevlinga var Royal Winter Triathlon. Den vart avvikla på Skeikampen og samla den ypparste verdseliten til dyst i herreklassen. Det enda med siger til Tor Halvor og Vossevangen CK. Dei var fyrst 20 km springing, deretter 30 km sykling og til slutt 30 km langrenn. Deltakarar frå det norske, russiske, italienske og tsjekkiske landslaget kjempa om gjeve pengepremiar i ultradistansen over 80 km.
Kjetil Isaksen vart i dag nr. 3 på sesongopninga i landevegssykling i Bergen/Fana. Rittet Rådalen rundt samlar mange av dei sterkaste ryttarane i krinsen. Eliteklassen sykla 10 runder på 6 km, og i mål var det berre Sandal frå Team Fixit og Madsen frå Bergen CK som klarde å kryssa mållina før Kjetil - med andre ord ein svært lovande start. Sjå resultatliste på våre resultatsider og les Kjetil sin rittrapport under + ein videosnutt av inspurten!